Generelt
Forbrukarkjøp på denne nettsida er blant anna regulerte i forbrukerkjøpsloven, angrerettloven, og e-handelsloven. Hardanger Trefelling rettar seg til ei kvar tid etter gjeldande regelverk.
Betalingsvilkår
Kjøp via Hardanger Trefelling si nettside betalast i si helheit via tilsendt faktura (14 dagars betalingsfrist) om ikkje anna er avtala med selgar. Selgar står fritt til å krevja delbetaling eller betaling på førehand ved store ordrar. Alle priser er oppgitt i norske kroner eks. mva.
Prisar og levering
Alle priser er oppgitt eks mva og frakt om ikkje anna kjem klart fram i produktteksten.
Me sender varer på rimelegaste måte om ikkje anna er avtala. For fraktsatsar sjå bring.no
Me sender alltid varene så raskt som mogleg. Ved forseinkingar ut over det som normalt sett vert ansett som akseptabelt informerer me kunden som då står fritt til å kansellera kjøpet. Dersom me mot formodning ikkje kan levera varene innan akseptabel tid for kunden kan kunden heva kjøpet utan ekstra kostnad.
Eventuelle prisendringar som skjer etter bestillingstidspunkt får ikkje tilbakeverkende kraft. Me tek atterhald om moglege skrive-/trykkfeil.
Ved uavhenta pakkar vil kunden verta ilagt eit gebyr på kr 500,- for dekking av frakt begge vegar.
Sal til utlandet
Ved sal utanfor fastlandsnorge krev med forskotsbetaling. Fraktkostnader vert berekna i kvart enkelt tilfelle.
Retur
Retur av varer skal skje innan 30 dagar etter mottatt ordre. Returnert vare skal vera ubrukt i original emballasje.
Reklamasjon
Før ein melder feil til Hardanger Trefelling bør kunden undersøka om feilen kan skuldast høve frå kunden si side. Om kunden kan visa at produktet ikkje fungerer slik Hardanger Trefelling har beskreve, må kunden melda frå til Hardanger Trefelling. Kunden mister retten til å gjera ein mangel gjeldande om han ikkje melder i frå til Hardanger Trefelling innan rimeleg tid etter han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Frist for reklamasjon i hehold til kjøpsloven. Krav om reklamasjon meldes på e-post post@hardangertrefelling.no
Hardanger Trefelling skal snarast mogleg etter å ha blitt kjent med ein mangel på eit produkt dei har levert setta i gang tiltak for å retta på mangelen. Om kunden på eige initiativ set i gang tiltak for å utbetra mangelen utan at dette er avtala med Hardanger Trefelling, dekker ikkje Hardanger Trefelling utgifter til dette.
Angrerett
Angrerettloven gjev deg rett til å angre på kjøpet ditt. Angreretten forutset at du seinest innan 14 dager etter at du mottar leveransen gjev oss melding om dette (angrefrist). Sammen med sendinga kjem òg eit angrerettskjema som må fyllas ut ved evnt. retur. Om du ikkje har motteke angrerettskjema enten i ordrebekreftinga eller ved levering av produkta, vert fristen utvida til 12 månedar etter utløpet av den opprinnelege fristen dersom selgar ikkje før inngått avtale opplyser om at det føreligg angrerett og standardisert angreskjema. Det same gjeld ved manglene opplysningar om vilkår, tidsfristar og framgongsmåte for å nytta angreretten, jf. angrerettloven § 21 tredje ledd jf. § 8 fyrste ledd bokstav h. Sørger selgar for å gje opplysningane i løpet av desse 12 månadane, går angrefristen likevel ut 14 dagar etter den dagen kjøparen mottok opplysningane, jf. angrerettloven § 21 fjerde ledd.
For at angreretten skal gjelda, må produktet verta levert oss i tilnærma same mengde og stand som då du mottok det. Alle produkt skal leverast tilbake til oss innan rimeleg tid. Eventuelle returkostnader må betalas av kunden som og har risikoen for transporten tilbake til Hardanger Trefelling. Me er forplikta til å betale tilbake til deg det du har betalt inkludert porto for sendinga til deg, ekspedisjonsgebyr, tollavgifter, oppkravsgebyr, osb. Dette gjeld kun når heile kjøpet vert returnert. Om produktet er brukt eller verdien på anna måte er forringa kan me redusera refundert beløp tilsvarande verdiforringinga. Tilbakebetaling skal skje innan fjorten dagar etter at me mottek produktet frå deg.
Produktet sendast tilbake til oss i originalemballasje, saman med angrerettskjema. Nærmare opplysningar om korleis du nyttar deg av angreretten, framkjem av angrerettskjemaet. Krav om angrerett skal meldast på e-post tilpost@hardangertrefelling.no.
Sal til mindreårige
Hardanger Trefelling sel ikkje varer til personar under 18 år.
Personopplysningar
Personopplysningar som navn/adresse/e-post vert oppbevart for å kunna sende kunden varer og relevant info. Kunden har fullt innsyn i desse opplysningane på forespørsel og opplysningane vert sletta umiddelbart om kunden ynskjer det.
Endring i vilkåra
Hardanger Trefelling har rett til å endra noværende vilkår som følge av endra vilkår frå leverandørar eller som følge av lovendringar.